Logg inn

Riksarkivet 200 år


Riksarkivet i dag er det leiande organet for det vi no kallar Arkivverket, som blir leia av riksantikvaren. Ved sida av Riksarkivet har vi åtte statsarkiv; i Tromsø, Trondheim, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Kongsberg, Hamar og Oslo, Norsk helsearkiv og Samisk arkiv.

NK1958S
NK 1958

 

Etter at Riksarkivet flytta frå Akershus festning i 1866, har det halde til fleire stader i hovudstaden fram til 1978. Då flytta det inn i permanente kontorlokale og fekk eit stort fjellmagasin ved Sognsvann i Oslo.

I dag dekkjer dette kollektive nasjonale minnet vel 260 kilometer med hyller fulle av historia vår. Noko av det siste store materialet som Riksarkivet har teke vare på for ettertida, er minnematerialet etter 22. juli 2011, ikkje minst materialet som fortel om born sine reaksjonar på det som hende.

Riksarkivet og Arkivverket står midt oppe i ein omfattande tilpassingsprosess for å sikra at dei kan oppfylla samfunnsoppdraget også i framtida. Tekniske løysingar og arkivfaglege arbeidsmåtar endrar seg stadig fortare i tida vi lever i.

Riksarkivet er det kollektive nasjonale minnet vårt, staden der alt som kan fortelja om livet i Noreg, er samla og teke vare på.

 

Riksarkivet 200 år

Nummer:                    NK 1958
Motiv:                         Dokument
Utforming:                 Jørn O. Jøntvedt
Foto:                           © Riksarkivet
Verdi:                         Kr 36,00
Opplag:                       300 000 frimerke
Utgjeve i:                    Ark à 50 frimerke
Trykk:                         Offset frå Joh. Enschedé Security Print, Nederland

Link til postens sider

Copyright © Norsk Filatelistforbund

Levert av AESTON