Mangler du brukernavn/passord?
Send epost til web-redaktor@filatelist.no så sender vi det til deg.
Oppgi hvilken klubb du er medlem i, eller om du er direktemedlem.

Ikke medlem ennå? Bli medlem

Stord Frimerkeklubb

stord.frimerkeklubb@gmail.com

Me har 13 hovudmedlemmer og 5 støttemedlemmer ved inngangen til 2017. Klubben har Stord og Fitjar som naturleg nedslagsområde, men me har også medlemmer frå Bømlo. Me ser på klubben som eit forum der både nybegynnarar og noko meir vidarekomne kan kjenna seg heime i.

Me har ikkje eigne klubblokale, men leiger møterom i Kulturhuset på Leirvik, Stord. Møte har me kvar 14. dag. Klubbauksjonar vert laga til, ein på våren og ein på hausten. Dessutan har me eit godt samarbeid med klubben i Haugesund som me vitjar kvar haust, medan dei kjem til oss på vårparten.

På skjermar i inngangspartiet ser du kva møterom me skal ha for kvelden.

Alle som har objekt dei ynskjer å levera inn til auksjonen vår til våren, må ta kontakt med ein av dei som sit i styret. Me oppmodar alle til å levera inn objekt til neste auksjon. Ta ein kikk i samlinga og finn fram merke og andre filatelistiske objekt som du vil auksjonera bort. Frist for innlevering til vårauksjonen er 14. mars 2017 klokka 21.00.

Me har god plass på klubbkveldane og så sant du har tid og lyst er det berre å ta turen innom frimerkeklubben.

Møteplanen for høsten 2017

 

Tysdag

21. november

Kl 19.00

 

 

 

 

 

 
Tysdag

 
5. desember
 
kl 19.00
 

Kontaktpersonar :

Styret i klubben ser slik ut etter årsmøtet:
Formann: Nils Kåre Nysæter, tlf. 53 49 30 67 mobil 911 86 549
Nestformann: Lars Petter Arnesen
Sekretær: Sissel Tveita
Kasserar: Trond Alsaker
Styremedlem: Arne Raunholm (bytteleiar)
Styremedlem: Rolf Kristiansen

 


Stord Frimerkeklubb

Boks 176
5402 Stord
E-post: stord.frimerkeklubb@gmail.com