Mangler du brukernavn/passord?
Send epost til web-redaktor@filatelist.no så sender vi det til deg.
Oppgi hvilken klubb du er medlem i, eller om du er direktemedlem.

Ikke medlem ennå? Bli medlem

Søre Sunnmøre Filateli og Samlarklubb med flott 75 års markering.

Fotograf Gaute Hareide

Laurdag 13.oktober markerte samlarklubben på søre Sunnmøre (Ørsta og Volda) at det var 75 år sidan klubben vart stifta. Klubben heitte tidlegare Ørsta Filatelistklubb, men skifta for nokre år sidan namn for å markere at dei gjerne ville inkludere samlarar med ulike samlarområde.

Jubileet vart markert med ei samlarmesse på kulturhuset i Ørsta. Meir enn 20 utstillarar møtte opp og viste fram frå samlingane sine. Forutan frimerke og postkort fann vi songbøker, aksjar, myntar, serviettar, autografar, radioar, plater og mykje meir. Det mest originale var han som viste fram, var eit bord fullt med gamle primusar.  Alle eg snakka med, var like begeistra og entusiastiske for sitt samlarområde og mange av dei var medlemmar i samlarklubben.

Ei mengd publikum (kulturhussalen var full av folk i 12 – tida då eg var til stades) gjekk rundt for å sjå alt som ein kunne samle på.

75 år vart markert med eit arrangement som eg vil karakterisere som ein absolutt suksess. 

Søre Sunnmøre Filateli og Samlarklubb har opna opp for andre typar medlemmar enn reine frimerkesamlarar fordi klubben hadde opplevd ei minkande interesse og fallande medlemstal gjennom åra. Etter at klubben opna opp for andre samlargrupper og skifta namn, så har det gått frå stagnasjon til vekst i medlemsgruppa.

Bileta frå arrangementet er tatt av Gaute Hareide – utstillar og ivrig samlar av betalingsmiddel av alle slag.

Arve Hoel

Fotograf Gaute Hareide